| Gardsjenta og Husfrua inspiserar.... |
tirsdag 20. mars 2012
Fyrste spadetak
Endelig er me i gang med gravinga! Skal utbetre vegen og grave til tomta for tilbygget. Det er så godt å endelig få gjort noko fysisk, ikkje berre planlegge!
søndag 18. mars 2012
Skaff deg eit spiskammer!
Kom over ein artikkel i lokalavisa som var henta frå abcnyheter.no om at spiskammer, som var sjølvsagt i einkvar heim fram til 1950-tallet, no er tilbake på ønskelista til mange.
Nå er me så heldige at me faktisk har eit lite spiskammer, og det skal bli så kjekt å lage det til med hyller, hylleremser og lignande. Men det blir nok litt fram i tid, må nesten pusse opp huset og bygge tilbygg først. Men det er nå lov å drøyme seg litt vekk i korleis det vil bli når alt omsider blir ferdig. ;)
Spiskammeret vårt ligg ved hovedinngangen der det er ein kjøkkeninngang. Det har tre utvendige veggar, slik at det vert mest mogeleg avkjøla.
![]() |
| FOTO: Fredrik Sanberg / Scanpix |
![]() |
| FOTO: Fredrik Sanberg / Scanpix |
Nå er me så heldige at me faktisk har eit lite spiskammer, og det skal bli så kjekt å lage det til med hyller, hylleremser og lignande. Men det blir nok litt fram i tid, må nesten pusse opp huset og bygge tilbygg først. Men det er nå lov å drøyme seg litt vekk i korleis det vil bli når alt omsider blir ferdig. ;)
| Spiskammeret vårt! |
torsdag 8. mars 2012
Vårstemning...
| Snøklokker i solveggen. (Ups, skuggen min vart vist med på biletet). |
| Noko så yndig og vakkert! |
| Påskeliljer på veg opp av jorda. |
Ein av tinga me gjorde var å fjerne mange års sauemøkk fra sauefjøset. Det vart ein del trillebårlass for å seie det slik! Blemmer i hendene vart det og....eg er tydeligvis ikkje vandt til "manual labor"....hehehe! Sauemøkka har nok vært der ei stund for den var godt kompostert og var nesten som god matjord. Blir fint å ha i grønnsakshagen, viss me får ordne til den etter kvart.
| Sauefjøset |
| I botn er det berre eit fint lag med sand. |
| For meg som kjem frå bygda kjem ein nå litt i vårstemning når det ligg haugar med møkk på jordene.... ;) |
Me fekk og hogd ned to furutre som stod i enden av den gamle frukthagen.
| Pappa tok seg av hogsten. Flinke pappaen min! :) |
| Begge furuene nede for telling. |
| Vesle gardsjenta hjelper bestefar med hogsten. |
| Stor stas å få vere med på hogst! |
Etterpå kosa me oss med pølser og hamburger grilla på bålpanna. Skikkelig koseleg!
Vårhelsing frå Husfrua
fredag 27. januar 2012
Skynde seg langsamt
Nå har me komme oss eit steg vidare. Me har kontakta eit byggmeisterfirma som heiter Inge Kolås AS i Ørsta for å få litt veiledning og hjelp til å teikne tilbygget til gamle huset. Dei har lang erfaring med restaurering av gamle bygg. Trur sluttresultatet kan bli veldig bra. Me har teikna ein del sjølve, men har liksom låst oss litt fast, så det var nok lurt å få nokon som har litt meir erfaring med slike ting til å komme med innspel.
Her er fleire bilete frå Sætremyrane
Her er fleire bilete frå Sætremyrane
![]() |
| Opprydningsarbeid etter "Dagmar" |
![]() | ||||
| Vesle gardsjenta på tur på utmarksstykket vårt |
![]() |
| Her er eit bilete av Sætremyrane frå 1954 |
søndag 13. november 2011
Ein plass må ein starte....
Både eg og Husbonden har lenge klødd i fingrane etter å gjere noko praktisk på småbruket, ikkje berre planlegge. Så då satte me like godt i gang med å rydde ut av den gamle fjosen, vaske og male. Me har fått mykje hjelp av far og mor mi som ofte tar seg ein tur oppover frå Sand i Ryfylke for å sjå vesle barnebarnet sitt. Me tenkte det kunne vere greit å ha ein plass der me kan lagre ting og tang mens me byggjer og pussar opp huset. Kva det skal brukast til etterpå har me ikkje heilt funne utav. Her er nokre bilete av fjosen før og etter "oppussinga".
Nesten litt vemodig å fjerne denne gamle fjøsinnredninga,
men den var i veldig dårleg stand.
Innlagt vatn var det også i fjosen.
Den gamle møkkaskrapa stod der fortsatt.
Slik vart det etter at me hadde rydda ut fjøsinnredninga
og alt rotet. Blandt anna hadde forrige eigar samla saman
40-50 sekkar med lauv til å ha som strø til dyra. Dei visste
å ta vare på og bruke dei ressursane dei hadde før i tida.
Vart fint med eit strøk maling i tak og på veggar :)
Bak den vesle luka i veggen er det ein liten stall/bås,
og inn døra er inn til høyloftet.
fredag 11. november 2011
Seminar i praktisk bygningsvern i Ålesund
Laurdag 19. november kl 10 - 16 inviterar Fortidsminneforeninga avdeling Sunnmøre til seminar i praktisk bygningsvern på Jervellhaugen i Ålesund.
fredag 28. oktober 2011
Eldre hus er betre for klimaet
Biletet er lånt frå gamletrehus.no
Forrige fredag kunne ein lese dette i Vestlandsnytt:
Eldre hus er betre for klimaet
NPK-NTB: Ved framleis å bruka eldre bygg, utnyttar vi ressursane som allereie er lagt ned i dei. Ergo sparar vi miljøet, argumenterar Riksantikvaren i ei ny undersøking.
Konsulentfirmaet Civitas har på oppdrag frå Riksantikvaren samanlikna eit såkalla lågenergihus med gammalt laftehus for å finne ut kva som er mest miljøvennleg. Reknestykket er sett saman av dei samla klimagassutsleppa frå bygginga av eit nytt lågenergihus sett opp mot oppgradering og isolering av eit gamalt laftehus. Samanlikninga føreset ei levetid på 60 år for begge husa, og resultatet viser at det gamle huset alt i alt er betre for miljøet. Undersøkinga er eit viktig innspel i diskusjonen om strengare krav til eksisterande bygg, meiner Riksantikvaren.
- Dei fleste gamle hus kan utbetrast utan at dei kulturhistoriske verdiane vert redusert. Auka kunnskap om dette kan bidra til at både eigarane og byggjebransjen tek vare på den eldre byggemassen samtidig som han blir meir klimavennleg, seier seniorrådgjevar Marte Boro hos Riksantikvaren.
Ifølgje undersøkinga til Civita er dei samla klimagassutsleppa per kvadratmeter for det nye huset 26 kilo CO2-ekvivalentar, medan det tilsvarande talet for det gamle huset er 23 (NPK)
Endå eit argument for å bevare gamle huset i staden for å byggje nytt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)







