tirsdag 24. april 2012

I'm blue da ba de....

Madam Blå kaffekjel og trakt.

Eg har alltid vært svak for blå. Når eg og Husbonden gifta oss hadde eg blå hortensia og iris i brudebuketten og brudekjolen hadde også litt blått i seg. Blått kjøkken har lenge vært ein draum, og kva passar vel betre inn i eit blått kjøkken enn Madam Blå kaffekjel, rivjern, dørslag og trakt! På Retro Rosa  fann eg desse herlige tinga! Og eg har blitt heilfrelst Madam Blå fan.





Blå retro termos


Eg har veldig lyst på eit blått kjøkken, enten at veggane er blå eller at sjølve kjøkkeninnredninga er blå. Crown Imperial har eit flott kjøkken i Shaker stil. "Me like very much!" Synes spesielt blandinga av den lyseblå fargen og den sterke blå fargen er fint. Tvilsamt at det blir Crown Imperial kjøkken på oss, men noko i same stilen og fargane hadde vært supert! Gledar meg til me kjem så langt i prosessen at me kan begynne på kjøkkenet. :)

Crown Imperial Midsomer






Redningsaksjon





På framsida av huset, ved muren, veks det ei lang rekke med flotte påskeliljer. På eine kortsida, der plommetrea står inntil veggen veks det snøklokker og krokus. Sidan me snart skal begynne å drenere rundt huset tenkte eg det var på tide å redde dei stakkar små blomstene. Eg vil gjerne ta vare på løkane, slik at eg kan plante deg rundt huset igjen seinare. Ein må jo ta vare på dei ressursane som finnes på garden. :)


Blomstermassaker!



"Man tager hva man haver"
 På låven fann eg fleire blikkspann og nokre trekasser som eg hadde blomstrene i. "Man tager hva man haver". Nokre blomster planta eg rundt omkring på garden, men dei fleste skal eg plante ut igjen når me har drenert ferdig rundt huset.






onsdag 4. april 2012

Påskesysler


Kanin og påskeegg frå Maileg


Eigentleg hadde me tenkt å sette opp gjerde i påska, men så kom Kong Vinter attende og eg måtte finne andre påskesysler. Har lenge tenkt at Gardsjenta skulle ha fått seg ein krakk som ho kan stå på slik at ho rekk opp til vasken på badet. Så eg kjøpte ein billeg krakk på Jysk. Den var ikkje særleg fin, med litt hakk i og lignande. Så eg bestemte meg for å pusse den litt ned og male den. Sidan det er vesle Gardsjenta sin krakk fant eg ut at Jotun sin Sense maling var tingen. Og fargen Støvblå vart valget.

Slik såg krakken opprinneleg ut.


Etter fyrste strøket med Sense Stovblå




Sidan det er påske tenkte eg at eg skulle "pynte" krakken litt. Fann fram påskeegg og kanin frå Maileg og perleblomar (Muscari) i fine potter. Alt utanom blomane har eg kjøpt hos Bella Blå, ein kjempekoseleg interiør- og klebutikk i Fosnavåg. Blomane er frå Blomster og gaver i Fosnavåg.



Perleblomar (Muscari)


Påskehelsing frå Husfrua

tirsdag 20. mars 2012

Fyrste spadetak

Endelig er me i gang med gravinga! Skal utbetre vegen og grave til tomta for tilbygget. Det er så godt å endelig få gjort noko fysisk, ikkje berre planlegge!





Gardsjenta og Husfrua inspiserar....






søndag 18. mars 2012

Skaff deg eit spiskammer!

Kom over ein artikkel i lokalavisa som var henta frå abcnyheter.no om at spiskammer, som var sjølvsagt i einkvar heim fram til 1950-tallet, no er tilbake på ønskelista til mange.

FOTO: Fredrik Sanberg / Scanpix



FOTO: Fredrik Sanberg / Scanpix

Nå er me så heldige at me faktisk har eit lite spiskammer, og det skal bli så kjekt å lage det til med hyller, hylleremser og lignande. Men det blir nok litt fram i tid, må nesten pusse opp huset og bygge tilbygg først. Men det er nå lov å drøyme seg litt vekk i korleis det vil bli når alt omsider blir ferdig. ;)



Spiskammeret vårt!


Spiskammeret vårt ligg ved hovedinngangen der det er ein kjøkkeninngang. Det har tre utvendige veggar, slik at det vert mest mogeleg avkjøla.

torsdag 8. mars 2012

Vårstemning...

Snøklokker i solveggen. (Ups, skuggen min vart vist med på biletet).


Denne veka har foreldrene mine vært på besøk og me har arbeida litt på Sætremyrane. Eine dagen var det nydelig ver og snøklokkene stod så fint i solveggen. Og på langsida av huset stod det ei lang rekke med påskeliljer på vei opp av jorda. Finns det noko betre vårtegn! 

 


Noko så yndig og vakkert!




Påskeliljer på veg opp av jorda.




Ein av tinga me gjorde var å fjerne mange års sauemøkk fra sauefjøset. Det vart ein del trillebårlass for å seie det slik! Blemmer i hendene vart det og....eg er tydeligvis ikkje vandt til "manual labor"....hehehe! Sauemøkka har nok vært der ei stund for den var godt kompostert og var nesten som god matjord. Blir fint å ha i grønnsakshagen, viss me får ordne til den etter kvart. 

Sauefjøset

I botn er det berre eit fint lag med sand.

For meg som kjem frå bygda kjem ein nå litt i vårstemning når det ligg haugar med møkk på jordene.... ;)

Me fekk og hogd ned to furutre som stod i enden av den gamle frukthagen.


Pappa tok seg av hogsten. Flinke pappaen min! :)


Begge furuene nede for telling.

Vesle gardsjenta hjelper bestefar med hogsten.

Stor stas å få vere med på hogst!


Etterpå kosa me oss med pølser og hamburger grilla på bålpanna. Skikkelig koseleg! 




 Vårhelsing frå Husfrua



fredag 27. januar 2012

Skynde seg langsamt

Nå har me komme oss eit steg vidare. Me har kontakta eit byggmeisterfirma som heiter Inge Kolås AS i Ørsta for å få litt veiledning og hjelp til å teikne tilbygget til gamle huset. Dei har lang erfaring med restaurering av gamle bygg. Trur sluttresultatet kan bli veldig bra. Me har teikna ein del sjølve, men har liksom låst oss litt fast, så det var nok lurt å få nokon som har litt meir erfaring med slike ting til å komme med innspel. 

Her er fleire bilete frå Sætremyrane











Opprydningsarbeid etter "Dagmar"


Vesle gardsjenta på tur på utmarksstykket vårt




Her er eit bilete av Sætremyrane frå 1954