fredag 28. oktober 2011

Eldre hus er betre for klimaet

Biletet er lånt frå gamletrehus.no



Forrige fredag kunne ein lese dette i Vestlandsnytt:

Eldre hus er betre for klimaet


NPK-NTB: Ved framleis å bruka eldre bygg, utnyttar vi ressursane som allereie er lagt ned i dei. Ergo sparar vi miljøet, argumenterar Riksantikvaren i ei ny undersøking.


Konsulentfirmaet Civitas har på oppdrag frå Riksantikvaren samanlikna eit såkalla lågenergihus med gammalt laftehus for å finne ut kva som er mest miljøvennleg. Reknestykket er sett saman av dei samla klimagassutsleppa frå bygginga av eit nytt lågenergihus sett opp mot oppgradering og isolering av  eit gamalt laftehus. Samanlikninga føreset ei levetid på 60 år for begge husa, og resultatet viser at det gamle huset alt i alt er betre for miljøet. Undersøkinga er eit viktig innspel i diskusjonen om strengare krav til eksisterande bygg, meiner Riksantikvaren. 


- Dei fleste gamle hus kan utbetrast utan at dei kulturhistoriske verdiane vert redusert. Auka kunnskap om dette kan bidra til at både eigarane og byggjebransjen tek vare på den eldre byggemassen samtidig som han blir meir klimavennleg, seier seniorrådgjevar Marte Boro hos Riksantikvaren.


Ifølgje undersøkinga til Civita er dei samla klimagassutsleppa per kvadratmeter for det nye huset 26 kilo CO2-ekvivalentar, medan det tilsvarande talet for det gamle huset er 23 (NPK)



Endå eit argument for å bevare gamle huset i staden for å byggje nytt!


torsdag 27. oktober 2011

Villsau

Me har planar om å ha villsau på småbruket vårt. Då er nettsida til Norsk Villsaulag god å ha. Nå er endeleg Villsauboka av Hilde Buer her, som er sivilagronom med mastergrad i husdyrernæring og villsaubonde. Boka er gitt ut av Selja Forlag og kan bestillast av forfattar Hilde Buer på e-post: hilbuer@online.no

Eg har allerede bestilt boka, og ventar spent på å få den i postkassa. Gledar meg!

søndag 23. oktober 2011

Omvisning på garden

Sidan dette er fyrste innlegget i denne bloggen, tenkte eg det kunne være greit med ein liten omvisning. Det kan jo vere greit å sjå korleis det ser ut før me startar med masse graving og bygging. Huset er frå 1916 og består hovedsakleg av tømmer. Låven er frå 1933.







Inne er det eit lite kjøkken, ei stove, finstove og gang. Oppe er det to soverom. Toalett er det ikkje i huset, då må ein bruke utedoen på låven. Den er koseleg med plass til to. :)







Desse fine møblene stod att etter forrige eigar.





Utedoen er egentlig ganske koselig, med plass til to.
Med litt maling skal me nok få det endå koseligare! :)




I kjellaren er det ein potetkjellar og tidligare har det vore ei grue der, men den vart dessverre reve ned. Me har veldig lyst til å sette opp ei ny grue her. Det hadde vært så koseleg. Kanskje til og med ein bakaromn....kven veit.






På dette biletet kan ein sjå at det er ein slags brønn ned i golvet. Her hadde dei mjølkespanna til avkjøling i gamle dagar. Dei bruka å hente vatn her og, men då grua vart riven ned så byrja vatnet å smake oske. Me er litt spente på dette "oppkome", og håpar at det forsvinn når me drenerar rundt huset. Det er ikkje akkurat så veldig kjekt å ha eit oppkome i kjellaren akkurat! Men me har lyst til å behalde sjølve "brønnen". Kanskje lage noko kreativt utav det....lagringsplass til vin eller noko slik....

Som veldig fersk bloggar må eg berre beklage over litt amatørmessig blogg. Men eg håpar eg lærer litt etter kvart, og at bloggen vert finare med tida.