fredag 28. oktober 2011

Eldre hus er betre for klimaet

Biletet er lånt frå gamletrehus.no



Forrige fredag kunne ein lese dette i Vestlandsnytt:

Eldre hus er betre for klimaet


NPK-NTB: Ved framleis å bruka eldre bygg, utnyttar vi ressursane som allereie er lagt ned i dei. Ergo sparar vi miljøet, argumenterar Riksantikvaren i ei ny undersøking.


Konsulentfirmaet Civitas har på oppdrag frå Riksantikvaren samanlikna eit såkalla lågenergihus med gammalt laftehus for å finne ut kva som er mest miljøvennleg. Reknestykket er sett saman av dei samla klimagassutsleppa frå bygginga av eit nytt lågenergihus sett opp mot oppgradering og isolering av  eit gamalt laftehus. Samanlikninga føreset ei levetid på 60 år for begge husa, og resultatet viser at det gamle huset alt i alt er betre for miljøet. Undersøkinga er eit viktig innspel i diskusjonen om strengare krav til eksisterande bygg, meiner Riksantikvaren. 


- Dei fleste gamle hus kan utbetrast utan at dei kulturhistoriske verdiane vert redusert. Auka kunnskap om dette kan bidra til at både eigarane og byggjebransjen tek vare på den eldre byggemassen samtidig som han blir meir klimavennleg, seier seniorrådgjevar Marte Boro hos Riksantikvaren.


Ifølgje undersøkinga til Civita er dei samla klimagassutsleppa per kvadratmeter for det nye huset 26 kilo CO2-ekvivalentar, medan det tilsvarande talet for det gamle huset er 23 (NPK)



Endå eit argument for å bevare gamle huset i staden for å byggje nytt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar