torsdag 30. august 2012

Oppsummering frå sommaren


Eg har ikkje vært så flink til å legge ut innlegg i det siste, så difor vert dette innlegget ei lita oppsummering av kva som har skjedd denne sommaren på Sætremyrane. Og det har skjedd ein del! :)

I slutten av juni feira me Eiril sin 2 års dag med strålande vær, hjortegryte laga på bålpanne og masse kaker.


Familie og venner samla på Sætremyrane


Bursdagsbarnet Eiril!



Bursdagsgåva frå stolte foreldre; eit heimesnekra piknikbord/sandkasse.

Med lokk slik at ein kan bruke det som piknikbord. 


Mens me venta på å få komme i gang med støyping av ringmur satte me like godt i gang med høyonn. Pappa slo fleire markar med Rapid'en, mens me andre raka. Været var svært bra til å være på Sunnmøre, så me fekk faktisk tørka høyet på markane. Men neste år trur eg me skal setje det i hes, for det var heilt på grensa og burde kanskje ha blitt tørka litt meir, men me turde ikkje vente med å ta det inn pga værmeldinga. Men inn på låven fekk me det og eg trur ikkje det har mygla, heldigvis. Så då har me masse tørrhøy viss me får oss utgangarar til hausten. :)



Vår vesle gode hjelpar!




Kjekt å få seg ein kjøretur med Rapid'en




Hoppe i høyet med mormor e kjekt!










Med huset har det skjedd mykje, me har satt opp ringmur, lagt ned røyr og elektrisk og støypt plate. Me har fått masse hjelp frå far min, svigerfar og svigerbror min. Tusen takk for all hjelp! Forrige veke kom snekkarane, så nå har sjølve reisverket begynt å komme opp også! Spanande!  


Ringmuren støypt og røyr lagt ned.

Svigerfar og svigerbror hjelper å ha meir singel over røyra.

Radonsperre leggast ned.

Eit siste lag med isopor før støyping.

Støyping av plata.







Siste finpussen av plata.

Innimellom alt husstyret fekk me tid te å slå litt av markane med Rapid'en



Stenderane på veg opp.

Pappa og Endre inspiserar.


Bordkledninga på gamlehuset er tatt av ved inngangspartiet.



På soverommet vårt skal vi ha ei verandadør ut.


1 1/2 dør ut frå kjøkkenet/allrom.

Store, flotte vindu på kjøkkenet/allrom.



Kjøkkeninngang via vaskerom/grovkjøkken.





Mellombygget der det skal gå trapp opp til gamlehuset.


Kroken der kjøkkenbordet sannsynligvis skal stå med 1 1/2 dør ut.

Kjem til å bli flott utsikt ut på markane.

Her skal kjøkkenbenken være med vask under vinduet.

I bakkant skal Eiril ha eit soverom og me ha eit soverom.

Mellom kjøkkenet og vårt soverom skal det være eit bad.



Det vart mykje på ein gong, mykje bilete og lite tekst...skal prøve å skrive litt fleire innlegg etter kvart.