lørdag 13. juli 2013

Gult er kult!

Å velge husfarge er ikkje alltid like lett. Vi stod til sist mellom kvitt og gult. Sidan gamle huset var gult då vi kjøpte det, helte vi litt meir mot gult enn kvitt. Samtidig synest vi det er så fint med hus med "fargar"! Særleg eldre hus.

Vi hadde altså endeleg bestemt oss for gult hus. Men gult er jo ikkje bare gult. Det finst jo i så uendeleg mange nyansar! Vi gjekk fyrst til innkjøp av ein liter med Skagengul (fargekode: 1124 / 1832-Y18R), vi syntes denne såg fin ut, og litt lik den gamle gulfargen på huset.

Gamle huset med den opprinnelege gulfargen, om enn litt falma.

Prøvestrøk med Skagengul.

Når me såg Skagengul på huset vårt syntes me den vart veldig blass og litt for brunleg i fargen. Då eg spurte vesle jenta vår på tre kva farge det var svara ho: "Brun! Bæsjebrun!" : ) Så det avgjorde den saken, vi skulle ikkje ha "bæsjebrunt" hus! Husbonden fortalte at han hadde sett ein del fine gule hus på Espeset på vei til Bygg og System i Fosnavåg, der vi kjøper alt av byggemateriale vårt. Så vi tok oss ein kjøretur for å få litt inspirasjon. Og rett før vi kom til Bygg og System såg vi eit flott gult hus. Og trur du ikkje han som jobba på Bygg og System kjente han som eigde huset og ringte han for å høyre kva fargen heiter! Snakk om god service! Fargen heitte Grendegul (fargekode: 1747Y13R) og vi syntes den var kjempekul! ; )

Litt forskjell i gulfarge. Den til venstre er Grendegul.


Trur det blir kjempefint med kvite lister rundt vindauga!


Utearbeid

I vår/sommar har det ikke alltd frista så veldig å jobbe innomhus, sjølv om det er meir enn nok me burde ha jobba med der også. Og når svigerbror fekk leigd ein minigravar billig så var ikkje husbonden vanskeleg å be! Då var det både det eine og det ande som måtte gravast! Mannfolk og "leikene" deira, altså! Men eg klagar ikkje...hagen vart fin til slutt, sjølv om det på eit tidspunkt såg temmeleg trist ut.


Veiter må gravast, må skjønne!

Litt ekstra plass til terrasse.


Heile hagen min bestod på eit tidspunk av jordhaugar og veiter.


Må jo grave veite i grønnsakshagen min også.




Så var det på tide å anlegge ny plen.

10 kubikk med mold som skal leggast ut for hand.


Men det vart flott til slutt!




Etter eit par veker var det grønt og fint! Til og med stråkkheller opp til grønsakshagen!





 Hesjing på dugnad


I år bestemte me oss for å setje opp hes.



Det vart dugnad og vesle tausa og ho farmor var med.


Hesjing med bestefar er stas!


torsdag 14. mars 2013

Det går framover i alle fall....


Då har me komme eit stykke vidare, både utvendig og innvendig. Utvendig har me fått opp lister rundt vindua og snekkarane har begynt på inngangspartiet og trappa. Innvendig er elektrikarane nesten ferdige og nokre rom er ferdig plata. 

Snøen kom dessverre tilbake...men det er no flott og, da :)



Vinduslistene er komne på plass.



Kjøkkenvindua vert flotte!







Skal bli kjekt når alt blir ferdig og me kan lage det fint til rundt husa!



Her skal kjøkkenbenkane opp etter kvart, og ei kjøkkenøy.



Resten av kjøkkenet og allrommet. Icopal Celsius + pipe og ovn i eitt kjem etter kvart.



Mot gamlehuset og der vi skal ha trapp opp til stuene.



Mot soveromma og vaskerommet.



Badet vårt



Eiril sitt rom.


Vårt soverom, med verandadør ut.









fredag 14. desember 2012

Alle vindua på gamlehuset på plass!

Vinteren er komen til Sunnmøre også og husbonden har fått prøve skjæret på traktoren.




Endeleg er alle vindua på gamlehuset satt inn også! Vi har valgt å sette inn fire vindu i front slik det var frå gamalt av. Før stod det to store vinduer der. Synes det er mykje koseligare med fire små. Alt av bordkledning er også kommen opp. Så nå er det berre å vente på våren og velge farge på huset. :)







Inne i dei to stovene i gamlehuset.



Synes det blei så koselig med fire vinduer!


Inne i den nye delen er så og seie all isoleringa ferdig. Nå gjenstår "bare" å plate veggane.



fredag 23. november 2012

Bruktfunn!


I helga var me heime på Sand og besøkte mamma og pappa i anledning 40 års bryllaupsdag. Då var me og innom bruktbutikken Befri og Bevar på Garaneset. Og snakk om koseleg butikk! Her var det mykje flott! Hadde det ikkje vært for mangel på penger hadde eg sikkert kjøpt heile butikken! Eg endte opp med å kjøpe ei kjøttkvern, to store desilitermål i metall, to mindre desilitermål, fire måleskjeer og ei blå emaljeform. Alt til den nette sum av 450kr!  





På bruktbutikken Befri og Bevar hadde dei masse flotte, gamle møbler. Fleire gamle stolar som var restaurert og trekt om av møbeltapetsermeistar Sidsel Økstra. Det var og fleire gamle bord som var mala i fine fargar. Og så var det nokre flotte skap laga av gamle vindu, skikkelig stilig! Fin ide til alle dei gamle vindua me har her på Sætremyrane.


Eg fall pladask for desse lyseblå stolane!




Desse brune stolane syntets mannen min var fine.



Ein flott kvit stol ved sida av eit stilig lilla bord.


God helg!



torsdag 1. november 2012

Tak og vinduer er på!

Decra tak på tilbygget.




Mønekryss må til! :)



Gamlehuset har også fått Decra tak



Endeleg er vindua frå Norgesvinduet satt inn i tilbygget.



Kjøkken/allrom med store vinduer.



Mot vaskerom/kjøkkeninngang og inngang opp til gamlehuset.


Her skal kjøkkenbenken stå. I bakkant er det bad og soverom.



Mot badet, sett frå oppgangen til gamlehuset.



I haust har me tatt ned ein heil del tre som me har kløyva til ved.



Og så har me satt opp flott gjerde!