lørdag 13. juli 2013

Gult er kult!

Å velge husfarge er ikkje alltid like lett. Vi stod til sist mellom kvitt og gult. Sidan gamle huset var gult då vi kjøpte det, helte vi litt meir mot gult enn kvitt. Samtidig synest vi det er så fint med hus med "fargar"! Særleg eldre hus.

Vi hadde altså endeleg bestemt oss for gult hus. Men gult er jo ikkje bare gult. Det finst jo i så uendeleg mange nyansar! Vi gjekk fyrst til innkjøp av ein liter med Skagengul (fargekode: 1124 / 1832-Y18R), vi syntes denne såg fin ut, og litt lik den gamle gulfargen på huset.

Gamle huset med den opprinnelege gulfargen, om enn litt falma.

Prøvestrøk med Skagengul.

Når me såg Skagengul på huset vårt syntes me den vart veldig blass og litt for brunleg i fargen. Då eg spurte vesle jenta vår på tre kva farge det var svara ho: "Brun! Bæsjebrun!" : ) Så det avgjorde den saken, vi skulle ikkje ha "bæsjebrunt" hus! Husbonden fortalte at han hadde sett ein del fine gule hus på Espeset på vei til Bygg og System i Fosnavåg, der vi kjøper alt av byggemateriale vårt. Så vi tok oss ein kjøretur for å få litt inspirasjon. Og rett før vi kom til Bygg og System såg vi eit flott gult hus. Og trur du ikkje han som jobba på Bygg og System kjente han som eigde huset og ringte han for å høyre kva fargen heiter! Snakk om god service! Fargen heitte Grendegul (fargekode: 1747Y13R) og vi syntes den var kjempekul! ; )

Litt forskjell i gulfarge. Den til venstre er Grendegul.


Trur det blir kjempefint med kvite lister rundt vindauga!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar