søndag 4. august 2013

Golvvalg

Å velge golv er ikkje alltid like enkelt. Aller helst ville me ha tregolv, men med varme i golvet blir det litt vanskelig. Og i tillegg er det litt for kostbart for vårt budsjett. Så tenkte me på parkett, men siden me skal ha det på kjøkkenet tenkte me at vinylbelegg var eit sikrare valg. Med ei lita ei i huset og sannsynlegvis katt og hund med tida er nok vinylbelegg meir praktisk også. Det finnes jo så utruleg mykje fin vinyl nå for tida. Så me drog til Fargerike i Fosnavåg for å sjå på vinylbelegg. Men der viste dei oss noko me ikkje hadde fått med oss, nemleg korklaminat frå Golvabia. Det er bygd opp av et korksjikt, ein stamme av trefiber, eit nytt korksjikt, eit dekorsjikt og eit tynt sjikt av vinyl som beskyttar golvet. Det er varmt og behageleg samtidig som det dempar støy og forstyrrande lydar. Det er også like slitesterkt som høgtrykkslaminat. Og så har dei veldig mange fine nyansar. Me fekk med oss prøvar heim for å sjå korleis dei vart i lag med rundtømmerveggen, som er beisa i drivved, og dei andre veggane som er mala med Pure & Original Classico Seafoam. 

Frå venstre Bark Oak, Sand Oak, Cinder Oak, Frozen Oak og Alaska Oak. 

Eg syntes umiddelbart at Alaska Oak var veldig fin, mens husbonden ville helst ha Sand Oak eller Frozen Oak. Me kom til slutt fram til at Alaska Oak vart litt for lik tømmerveggen, og at Frozen Oak vart litt for kald, og enda opp med Sand Oak som begge eigentleg syntes var fin. Så nå gjenstår det berre å bestille golv! Spanande! :) 

Her er den me tilslutt valgte, Sand Oak.


Opp mot rundtømmerpanelet og den grå kalkmalinga. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar