tirsdag 16. juli 2013

Litt frå innsida også....

Det er mykje som har skjedd inne også. Me har fått opp takpanel og beisa rundtømmerpanel på endeveggen på kjøkkenet. Soveromma har blitt mala og tapetsert. Den nye Icopal Celsius + pipe og peis i eitt er også montert. Men enda står mykje igjen. Flislegging på badet og vaskerommet, og legge golv, listing ++. 


Peisen skal stå på enden av kjøkkenbenken.

Svigermor og svigerfar var så snille og la denne fine tapeten frå Sne Design på rommet til jenta vår. Veggane mala eg i samme duse rosafarge som bakgrunnen på tapeten. Eg tok med meg tapeten på malebutikken og så målte dei med ein eller dings kva farge det var. 

Og her er tapeten på vårt soverom i ein fin blåfarge. 

Rundtømmerpanelet på endeveggen på kjøkkenet/allrom. Litt dårleg bilde, så skal prøve å ta eit betre snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar