I helga var me heime på Sand og besøkte mamma og pappa i anledning 40 års bryllaupsdag. Då var me og innom bruktbutikken Befri og Bevar på Garaneset. Og snakk om koseleg butikk! Her var det mykje flott! Hadde det ikkje vært for mangel på penger hadde eg sikkert kjøpt heile butikken! Eg endte opp med å kjøpe ei kjøttkvern, to store desilitermål i metall, to mindre desilitermål, fire måleskjeer og ei blå emaljeform. Alt til den nette sum av 450kr!
På bruktbutikken Befri og Bevar hadde dei masse flotte, gamle møbler. Fleire gamle stolar som var restaurert og trekt om av møbeltapetsermeistar Sidsel Økstra. Det var og fleire gamle bord som var mala i fine fargar. Og så var det nokre flotte skap laga av gamle vindu, skikkelig stilig! Fin ide til alle dei gamle vindua me har her på Sætremyrane.
Eg fall pladask for desse lyseblå stolane! |
Desse brune stolane syntets mannen min var fine. |
Ein flott kvit stol ved sida av eit stilig lilla bord. |
God helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar