Då er takstolane oppe! I følge polske tradisjonar (me har polske snekkarar) vart dette feira med å henge opp sag og øks og ein bukett i mønet på taket. Her i Noreg har me og slike tradisjonar. Me kallar det Kransefest eller Kranselag. Eg er litt usikker på om denne kransefesten var når takstolane var heilt oppe, eller om det var då heile taket var ferdig. Me feira med marsipankake, men trur det eigentleg skal feirast med noko litt sterkare enn dette! ;)
|
Sag, øks og ein bukett av rognebær i mønet. |
|
Nå begynne ting å ta form! Spennande! |
|
Hemsen vert faktisk ganske stor. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar