søndag 13. november 2011

Ein plass må ein starte....

Både eg og Husbonden har lenge klødd i fingrane etter å gjere noko praktisk på småbruket, ikkje berre planlegge. Så då satte me like godt i gang med å rydde ut av den gamle fjosen, vaske og male. Me har fått mykje hjelp av far og mor mi som ofte tar seg ein tur oppover frå Sand i Ryfylke for å sjå vesle barnebarnet sitt. Me tenkte det kunne vere greit å ha ein plass der me kan lagre ting og tang mens me byggjer og pussar opp huset. Kva det skal brukast til etterpå har me ikkje heilt funne utav. Her er nokre bilete av fjosen før og etter "oppussinga".



Nesten litt vemodig å fjerne denne gamle fjøsinnredninga,
men den var i veldig dårleg stand. 



 Innlagt vatn var det også i fjosen.


Den gamle møkkaskrapa stod der fortsatt.


 Slik vart det etter at me hadde rydda ut fjøsinnredninga
og alt rotet. Blandt anna hadde forrige eigar samla saman
40-50 sekkar med lauv til å ha som strø til dyra. Dei visste 
å ta vare på og bruke dei ressursane dei hadde før i tida.


Vart fint med eit strøk maling i tak og på veggar :)





 Bak den vesle luka i veggen er det ein liten stall/bås, 
og inn døra er inn til høyloftet.



fredag 11. november 2011